Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Yrkesfagleg grunnutdanning Restaurant- og matfag
Dette er eit praktisk utdanningstilbod for deg som lærer best gjennom praktisk arbeid og som ønskjer å oppnå ei grunnleggjande yrkesutdanning. Vi legg vekt på at eleven får utvikla yrkesfagleg kompetanse og sosial handlingskompetanse som kvalifiserer for arbeid i både det private og offentlege arbeidsliv.
Som elev ved Restaurant- og matfag deltar du i produksjonen til kantina på skulen. Produksjonen består av ulike rettar som rundstykke, bagettar, wraps, salatar og varm mat. To dagar i veka vil du også lage to-rettars varmlunsj, og ein dag i veka er du på bakeriet. Slik vil du få ein trygg og føreseieleg, men likevel variert skuleveke, i tillegg til at du får kompetanse innanfor fleire fagfelt.