Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

elever noterer på kjemilab

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Du som vel studiespesialiserande blir kvalifisert til å søke høgare utdanning på høgskular og universitet. Du kan velje mellom to programområde: språk, samfunnsfag og økonomi eller realfag. Gjennom ei brei, fagleg tilnærming vil du få kunnskapar og innsikter du kan ta med deg vidare i livet.

Dersom du er interessert i yrke som ingeniør, sjukepleiar, advokat, lærar, forskar, lege, politi eller fysioterapi, er studiespesialisering eit val som opnar for mange moglegheiter.

Studiespesialisering

Første året

Alle nye elevar drar på ein felles tur til Øygarden ved skulestart. På turen kan du få nye vener og bli kjend med klassen som du skal høyre til dei neste tre åra.

Dei aller fleste faga på Vg1 er felles, men det er nokre unntak.

I matematikk må du velje mellom teoretisk matematikk (1T) og praktisk matematikk (1P).

I felles framandspråk kan vi tilby spansk, fransk og tysk for elevar som har følgt faga på ungdomsskulen, og spansk for elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomstrinnet, eller som vil byte til eit nytt framandspråk på vidaregåande.

Andre året

Det andre året på studiespesialiserande er i større grad sydd saman av programfag som du har valt. To av programfaga dine må vere frå same programområde.

Programområde språk, samfunnsfag og økonomiske fag

Språkfag, samfunnsfag og økonomiske fag vi tilbyr på Vg2 er:

  • Engelsk 1
  • Kommunikasjon og kultur 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Psykologi 1
  • Økonomistyring
  • Samfunnsøkonomi 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling

I tillegg kan du velje Breddeidrett, men du kan ikkje gå vidare med dette faget på Vg3.

Programområde realfag


Realfaga vi tilbyr på Vg2 er:

  • Matematikk R1
  • Matematikk S1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1
  • Geofag 1
  • Informasjonsteknologi 1

 

Vg2 i utlandet

Du kan studere Vg 2 i utlandet.

Tredje året

Det tredje året held du fram med minimum to av dei programfaga du hadde på Vg2. Desse programfaga må vere frå same programområde.

Programområde språk, samfunnsfag og økonomi

Sandsli videregående skole tilbyr følgjande fag i denne faggruppa det tredje året:

  • Engelsk 2
  • Kommunikasjon og kultur 2
  • Rettslære 2
  • Sosialkunnskap
  • Psykologi 2
  • Samfunnsøkonomi 2
  • Økonomi og leiing
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2

 

Programområde realfag

Sandsli videregående skole tilbyr dei følgjande realfaga det tredje året:

  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Biologi 2
  • Geofag 2
  • Informasjonsteknologi 2

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Søkefristen er 15. april.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.