Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Du som vel studiespesialiserande blir kvalifisert til å søke høgare utdanning på høgskular og universitet. Du kan velje mellom to programområde: språk, samfunnsfag og økonomi eller realfag. Gjennom ei brei, fagleg tilnærming vil du få kunnskapar og innsikter du kan ta med deg vidare i livet.
Dersom du er interessert i yrke som ingeniør, sjukepleiar, advokat, lærar, forskar, lege, politi eller fysioterapi, er studiespesialisering eit val som opnar for mange moglegheiter.