Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Du som vel restaurant- og matfag får god kunnskap om tillaging av mat, smak, estetikk, ernæring, råvarer, hygiene og økonomi. Service, kundebehandling og kunnskap om internasjonal mat og drikke er også ein viktig del av utdanninga. Norske fagarbeidarar innan restaurant- og matfag er ettertrakta i utlandet.
Vg1 Restaurant- og matfag er felles for alle. I Vg2 kan du velje mellom:
- Kokk- og servitørfag, med yrkesfagleg fordjuping innan faga kokk, ernæringskokk, ferskvarehandler eller servitør.
- Bakar- og konditorfag, med yrkesfagleg fordjuping innan bakar eller konditor.