Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Gode kunnskapar i norsk språk og kultur er føresetnader for å lykkast i vidaregåande opplæring. Som elev i innføringsklasse lærar du norsk og får prøve ulike metodar og strategiar for å lære, og du lærer deg studieteknikk. Du kan gå eitt eller fleire år i innføringsklasse. Målet er at du skal bli klar for vg1 i vidaregåande skule. Har du nådd nivået B1+ i norsk vil du ha eit godt språkleg grunnlag.
Er du ny i Noreg rår vi deg til å søke innføringskurs.
Kva er innføringskurs?
Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.
Innføringskurset varer i eitt skuleår og gir deg ei grundig innføring i norsk. Kurset kan du ta før du søkjer deg inn på Vg1 i vidaregåande skule.
Du får opplæring i norsk og dessutan andre fag som matematikk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag og kroppsøving. Vi tilrår deg å velge innføringskurs dersom du nettopp har komme til Noreg.
På Sandsli vgs har vi fire innføringsklassar skuleåret 2023-24.
Her kan du lese meir om opplæring for minoritetspråklege elevar
Kan eg søke?
- Du kan søke dersom du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande og kan dokumentere det.
- Du kan søke frå det året du fyller 16 år.
- Du må ha lovleg opphald i Noreg.
Korleis kan eg søke?
Du kan søke innføringsklasse ved å fylle ut skjema nedanfor
Skjema for å søke om plass i Innføringsklasse
Du må sende med kopi av opphaldsløyve.
Du kan lese på internettsida vigo.no.
Du må ha MinID eller annan identifikasjon for å søke. Der får du brukarnavn og passord.
Viss du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.
Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.
Her kan du lese mer om hvordan du kan søke innføringskurs i Vestland fylkeskommune.
NB! Søknadsfrist er 1. februar.