Hopp til hovedinnhold

Råd og utval

Foto av elevrådet 2024-25

Elevrådet

Elevrådet representerer elevane ovanfor leiinga på skulen. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som elevrådsrepresentant. Er det noko du ikkje er nøgd med på skulen, kan du ta det opp i elevrådet. Representantar til elevrådet vert valt i august/september, og kvar klasse skal ha ein representant i elevrådet. Elevrådsstyret, med elevrådsleiar i spissen, er leiargruppa i elevrådet. Vi vel nytt elevrådsstyre i desember kvart år. 

Du kan melde inn saker til elevrådet på itslearning ved å sende melding til Beate Kirkebirkeland.

Elevrådsstyret 2024-25

Elevrådsleiar: Charlotte Sofie Skjoldal Pedersen (3STA)
Medlemar: Ada Ness Totland (2STD), Jonas Skaar Heggelund (2KOSB), Arne Ulltang-Berge (2KOSC), Cemine Marie Iversen Wahlberg (2KOSC), Marie Hopsdal Brattebø (3STA) og Laura D. F. Tapiero (3STA).

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet (SMU) skal arbeide for aktiv deltaking frå elevar og skule i arbeidet med skulemiljøet. Utvalet har rett til å uttale seg i saker som omhandlar skulemiljøet. Skulen si leiing og tilsette deltek saman med elevar, men elevrepresentantane skal vere i fleirtal.

Rektor: Bengt Håkon Lund

Koordinator for elevtenesta: Beate Kirkebirkeland

Driftsleiar: Tom Samuelson

Elevar: Marta Guddal Einan (3STA), Hannah Jitlada Særsten (3STE), Thomas Mangersnes Røstum (3STB) og Rebekka S. Branstadmoen (2KOSA).

Informasjons- og drøftingsmøtet

Informasjons- og drøftingsmøtet er eit formelt samarbeid mellom rektor og tilsette sine tillitsvalte.

Hovudoppgåva til informasjons- og drøftingsmøtet er å samarbeida for eit best mogleg arbeidsforhold for alle på skulen; tilsette, elevar og leiing. Informasjons- og drøftingsmøtet skal vera eit forum for ideskaping, informasjonsflyt, drøfting og avgjerder.

Ved Sandsli vgs. er det 6 medlemmer skuleåret 2023-24:

Silje Mæland, Utdanningsforbundet

Bodil Stakkestad Kristensen, Lektorlaget

Erich Josef Heigl, Skolenes landsforbund

Ingebjørg Amble, Fagforbundet

Bengt H. Lund, rektor

Inger Anne Taule, assisterande rektor

Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

Leder: Bengt Lund

Andre: Inger Kristiansen Moe, Britt Ingelin Rongve Hillestad, Annie Marie Brunet Sutra-Cole, Anne Helene Øpstebø, Tom Samuelsson, Vibecke Aarø, (Avonova).