Hopp til hovedinnhold

Internasjonalt samarbeid

Sandsli videregående skole deltek i internasjonalt samarbeid gjennom NordUng og Erasmus +. Hos oss får elevane sjanse til å reise og møte ungdommar i andre land. Elevar kan dessutan søke om å ta Vg2 i utlandet.

Samarbeid gjennom Erasmus +

Sandsli vgs deltar i Erasmus+ med samarbeidsprosjekt i ulike europeiske land. Som elev ved Sandsli vgs kan du søkje om å delta på studiereiser, og ta imot elevgrupper som besøkjer oss. Elevar og lærarar som deltar, møtest på tvers av landegrenser og kan lære av kvarandre.

Er du elev på restaurant- og matfag kan du også søke om å ha to-ukers praksis i Vg2 i Tyskland eller Spania. 

Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet støttar mobilitet og ulike typar samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet.

Les meir om Erasmus+  EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

Logo av Erasmus +

Samarbeid gjennom NordUng

NordUng styrker kjensla av samhald mellom unge på skular i Norden. I prosjektet deltar skular og lærarar frå Danmark, Noreg, Sverige og Færøyane.

Målet er å vere eit didaktisk laboratorium, der dei deltakande fagene vert utvikla, slik at dei på ein naturleg måte innfører eit nordisk perspektiv i undervisninga, og slik at faga også styrker den nordiske kjensla av samhald.

Sandsli videregående skole deltek i NordUng.

Les meir om NordUng - Nordisk perspektiv i utdanning av ungdom

Logo for NordUng

 

VG2 i utlandet

Elevar i vidaregåande skule kan søke om å ta Vg2 i utlandet. Vestland fylkeskommune gir informasjon om korleis du kan søke og kva moglegheiter som finst.

Vg2 i utlandet - les meir og søk her